Velkomen til Fjord — ein stad med storslått natur, gode opplevingar og eit levande lokalsamfunn.
Her på Opplev Fjord finn du informasjon for deg som bur her, besøker oss eller vurderer å flytte hit.
I Fjord er vi tett på det som betyr noko.
Like ved bygda ligg Eidsvatnet – eitt av dei beste ørretvatna i landet, og i dag også ein populær Instagram-spot. Vatnet ligg rett ved hovudvegen og er ei lita perle å stoppe ved, enten du vil ta bilete, nyte utsikta eller berre trekke pusten.
Fjellopplevingar og levande kultur
Frå Eidsvatnet og området rundt har du tilgang til ei rekke heilt fantastiske turmål. Her startar turar til nokre av dei råaste fjelltoppane du kan tenke deg, med utsikt mot både fjord og fjell. Kilsti er eitt av fleire naturlege startpunkt for fjelleventyret, og herifrå kan du gå gjennom velhalde kulturlandskap mot Blåhornet eller vidare til fjordgarden Skrenakken.
Den freda husmannsplassen Severinbrauta er eit populært besøksmål. Her er bygningar, hage, slåttemark og inventar bevart i si opphavlege form frå 1870-talet – ei stille, sterk oppleving av livet slik det ein gong var.
Midt i bygda finn du også Torebuda, ein sjarmerande og nostalgisk stad som tek deg rett tilbake til gamle dagar – og som mange set pris på å stikke innom.
Alle verksemder, lag og organisasjonar i Fjord kommune kan melde inn sine arrangement slik at dei kjem med på Kva skjer-kalenderen.
Dette gjeld arrangement og aktivitetar som er opne for alle.
Kva skjer-kalenderen finn du både på fjord.kommune.no og opplevfjord.no