Opplev Fjord!
Fjord kommune har høge fjell og djupe fjordar som du kan utforske til sjøs, til fots eller på ski. Vi byr også på idylliske grender med hyggelege aktivitetar for familiar og andre som ønskjer eit rolegare tempo.
I Fjord kommune finst dei eit stort utval av aktivitetar året rundt. Fleire av aktivitetane i mange bygder er organisert av frivillige lag og organisasjonar. Der finst også ei rekke kommersielle aktivitetar.
I Fjord kan du vere med på aktivitetar og guida turar heile året
Uteguiden og Ræin tilbyr guida turar, kurs og utleige av utstyr. Du kan padle, rafte, juve, klatre, rappellere, sykle, gå på truger og ski og endå mykje meir. Valldal Aktivitetspark byr på klatrepark, leik og aktivitetar for heile familien, og på Jemtegård Feriesenter kan du spele frisbeegolf på 18-hols bane. Hos Mariastallen kan du leige hest med guide.
Aktivitetar innandørs
Det er også mykje å finne på av innandørs-aktivitetar. Kulå bowling, Ville Krefter, Meretes Garden og Muritunet tilbyr bowling, klatring i klatrevegg, treningssenter, kraft- og skredutstilling, escaperoom, escape-labyrint, bading, jacuzzi, yoga, spa og retreat.
Vandring
I Fjord kan du gå til fjells både flatt og bratt. Du finn fine turmål i alle bygdene. I aust har vi Tafjordfjella som er eit populært fjellturområde kjenneteikna av overgangen frå bratte og ville vestlandsfjell til dei slake viddene i Innlandet. DNT Sunnmøre har merka turstiar og fleire turisthytter for overnatting. Du kan også følgje pilegrimsleia frå Valldal til Dovre. Ein stor del av dette området ligg i Reinheimen nasjonalpark. I sør fin du turruter i landskapsvernområdet knytt til Geirangerfjorden verdsarv.
Du finn turforslag både på stikkut.no. morotur.no og ut.no, og på lokale fotturkart og turguidebøker som du får kjøpt på butikkar og overnattingsstader.
Fiskevatn og lakseelvar
Laksefisket i Fjord er for tida avgrensa. Finn oppdatert informasjon hos elveguiden.no
Innlandsfiske i fjellområda finn du meir informasjon om på inatur.no
Det er også mogleg å fiske i andre innlandsvatn ved å kjøpe fiskekort hos grunneigar.
Bading og badeplassar
Det er mange fine badeplassar rundt om i bygdene våre, både for sjøbad i fjorden og for elvebad. Det er også offentleg bading i bassenget ved rehabiliteringssenteret Muritunet i Valldal heile året, med unntak av fellesferien og heilagdagar.
Ski- og vinteraktivitetar
Ved Langsætrane i Stordal finn du eit vinterparadis med både alpinsenter og mange kilometer med preparerte langrennsløyper. Arena Overøye er eit alpinanlegg med både familievenlege løyper og bratte bakkar. Skianlegget er også er eit utgangspunkt for toppturar på ski. Øvre Stordal Vel har lagt ned mange dugnadstimar for å tilrettelegge området både for vinter- og sommaraktivitetar. I Valldal, Eidsdal og Norddal finn du også preparerte langrennsløyper og utgangspunkt for toppturar.