Attraksjonar

Fjord kommune er rik på kultur og attraksjonar

Den ville og vakre naturen, og måten vi menneska har nytta naturressursane på har gjeve oss mange flotte attraksjonar. Den mest kjende er nok Nasjonal turistveg Trollstigen-Geiranger som går mellom Åndalsnes og Langvatn ved Grotli og Strynefjellsvegen. Som namnet seier opplever du langs denne vegen både den berømte Trollstigen og Geiranger – eitt av Norges fremste reisemål, men også attraksjonane Gudbrandsjuvet, Eidsvatnet, Ørnevegen og Flydalsjuvet.

Store delar av Fjord kommune er også ein del av Vestnorsk fjordlandskap, det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane.

Vi er ein del av Reinheimen nasjonalpark som er eit av dei største urørte høgfjellsområda i Sør-Norge, der villmark med spor etter gamal fangstkultur pregar fjellområdet. I Tafjordfjella, vest i nasjonalparken, er det tilrettelagt med merka turstiar og overnattingsmoglegheiter på turisthytter. I tillegg finst det fleire naturreservat og landskapsvernområde. Zakariasdammen øvst i Tafjord er ei 96 meter høg demning som rommar 70 millionar kubikkmeter med vatn som Tafjord kraft brukar til å lage rein elektrisk kraft.