Jobb i Fjord

Å vere ein del av noko større

Fjord er meir enn ein stad å jobbe – det er eit levande lokalsamfunn der folk bryr seg om kvarandre. Her møtest eit variert næringsliv og eit inkluderande fellesskap, og gir rom for både utvikling, samarbeid og trivsel. Med korte avstandar mellom menneske, arbeidsplassar og natur, ligg alt til rette for ein kvardag der du både kan bidra og høyre til. I Fjord får du høve til å vere ein del av noko større – eit samfunn som tek vare på kvarandre og som ønskjer nye krefter velkomne.

Lyst på nye utfordringar?

Vi har mange spennande bedrifter i Fjord, og dei er ofte på leit etter gode medarbeidarar innan mange ulike fagfelt.
På denne sida får du ei oversikt over stillingar både i offentleg forvaltning og i privat næringsliv. 

Starte eiga bedrift?

Har du lyst til å starte bedrift i Fjord kommune?
Har du ein idè og lyst til å skape di eiga framtid?

Fjordhagen AS er den lokale næringshagen i Fjord kommune som hjelper etablerarar med råd og hjelp i ein ide- og oppstartsfase.

Hoppid

Bur du, eller har registrert bedrift, i Fjord kommune, kan du få hjelp av Fjordhagen til å vurdere om ideen eller tiltaket ditt kan bli ein leveveg i framtida. 

Hoppid er ei ordning der Møre og Romsdal Fylkeskommune, gjennom kommunane, bidrar med midlar til kurs og tilskot til nyetablerarar. Fjordhagen er lokalt Hoppid-kontor.

Gjennom ordninga får både nyetablerarar og eksisterande verksemder tilgang til nettverk, tilskotsordningar, investormiljø og kompetanse. 

For å registrere idè eller bedrift kan du logge inn her og opprette brukarnamn og passord. 

Avklaringsmidlar

Om du har behov for avklaringar som krev kompetanseheving, kurs, konsulenthjelp innan design, marknadsføring, rekneskap eller anna, så kan du få inntil kr 40 000,- i avklaringsmidlar. Dette blir nøye vurdert i samråd med Fjordhagen, og ein må gå gjennom eit oppstartsprogram.

Næringsfondet

Fjord kommune sitt næringsfond skal i første rekke nyttast til næringsformål som bedriftsutvikling, etableringstilskot og investeringar i bedrifter. Fondet skal også nyttast til kommunale næringstiltak som kommunalt tiltaksarbeid og grunnlagsinvesteringar knytt til næringsføremål.

Søknadar til næringsfondet har frist to gongar i året, 1. april og 1. oktober. Søk elektronisk via regionalforvaltning.no. 
Det blir tilrådd å ta kontakt med Fjordhagen i forkant av innsending av søknad for å kvalitetssikre søknaden. 

Kven kan få støtte frå næringsfondet?

Tiltak som vert tildelt midlar frå næringsfondet skal støtte opp under ei eller fleire av desse målsettingane:

  • Etablering av nye og overlevingsdyktige verksemder
  • Utvikling i eksisterande verksemder
  • Fleire arbeidsplassar
  • Innovasjon og utvikling
  • Fremje entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar
  • Nyskapande etableringar som kan gi mange arbeidsplassar vert spesielt prioritert
 

Retningslinjene til Næringsfondet finn du her

Cowork og gründernettverk

Alle som tek kontakt med Fjordhagen med ein idè, og som blir hoppid-bedrift kan få gratis husleige i næringsbygget i inntil 3 månadar under oppstart. Då har ein tilgang på moderne kontorlokale med gode fasilitetar, og er i eit kreativt miljø.
Utover 3 månadar er det Fjord kommune som leiger ut rimelege kontorplassar som ein enten kan dele med andre, eller ha sin eigen, faste plass.

Fjordhagen AS samlar også lokale gründerar i eit eige nettverk med fokus på erfaringsutveksling, små etablerarkurs, informasjon om støtteordningar, og bedriftsbesøk. Nettverket har møter ca kvar andre månad gjennom året.