Bygdene våre

Levande
bygdesamfunn

Fjord kommune er eit fellesskap av sju bygder langs fjordane på indre Sunnmøre. Kvar bygd har si eiga historie, sitt eige særpreg – og eit levande kvardagsliv. Her kan du bli betre kjent med dei.

Visste du at …

Fjord, fjell og verdsarv

Den nasjonale turistvegen mellom Trollstigen og Geiranger går gjennom kommunen vår. Dette er ei strekning som gir luftige naturopplevingar, bratte fjellsider og arkitektur i verdsklasse, men er også ei reise forbi velhaldne gardar og vakkert kulturlandskap.

Langs vegen møter du fleire spektakulære stoppunkt, eit av dei finn du ved Gudbrandsjuvet i Valldal. I Fjord er naturen særeigen og delar av kommunen ligg innanfor Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv. Om lag halvparten av kommunen sitt areal er verna.

Sju bygder, eitt fellesskap

Fjord kommune består av sju bygder, kvar med sitt eige særpreg, si historie og sine opplevingar. Samla utgjer dei eit levande fjordsamfunn, der små og store kvalitetar går hand i hand.

Foto: Hyke Studio

Dyrkorn

Dyrkorn ligg vakkert til ved Storfjorden, bygda strekker seg bratt frå fjorden og oppover fjellsida. Øvst i bygda ligg fleire gardar, og landbruket er framleis ein viktig del av bygdelivet.

På Dyrkorn kan du besøke den tradisjonsrike setra Gjerdsstølen eller gå fjellturar i området rundt bygda. Det gamle skulehuset er i dag grendahus og ein naturleg møteplass, der engasjerte innbyggarar held både huset og bygda levande.

Industri og energi ved fjorden

Nede ved fjorden ligg dei gamle Dyrkornanleggene, der det tidlegare vart produsert fiskereiskap. I dag finn du sommarope fabrikkutsal i lokala. Like ved ligg Dyrkorn kraftverk som vart bygt i 1913 og som leverte straum til både fabrikk, gardar og heimar i bygda. Kraftverket er i dag eigd av Tafjord Kraft.

Foto: Jeanie Mackinder

Eidsdal

Eidsdal ligg vakkert til mellom fjord, dal og fjell – ei bygd der landbruk og kvardagsliv framleis står sterkt. Nede ved fjorden finn du bygdesenteret, med daglegvarebutikkar, skule og møteplassar. Lenger oppover dalen ligg bustadfelt, gardar og opne landskap som gir bygda eit romsleg og levande preg.

Like ved bygda ligg Eidsvatnet som er eit godt ørretvatn og ein populær Instagram-spot. Vatnet ligg rett ved hovudvegen og er ei lita perle å stoppe ved, enten du vil ta bilete, nyte utsikta eller berre trekke pusten. 

Fjellopplevingar og levande kultur

Frå Eidsvatnet og området rundt har du tilgang til ei rekke fine turmål. Du kan gå til nokre av dei råaste fjelltoppane du kan tenke deg, med utsikt mot tronge fjordar og steile fjell. Kilsti er eitt av fleire naturlege startpunkt for fjelleventyret, og herifrå kan du gå gjennom velhalde kulturlandskap mot Blåhornet eller vidare til fjordgarden Skrenakken.

Den freda husmannsplassen Severinbrauta er eit populært besøksmål. Bygningar, hage, slåttemark og inventar er bevart i si opphavlege form frå 1870-talet – ei stille, sterk oppleving av livet slik det ein gong var.

Ved ferjekaia finn du også Torebuda, ein sjarmerande og nostalgisk stad som tek deg rett tilbake til gamle dagar – og som mange set pris på å stikke innom.

naustrekke som speglar seg i sjøen
Naustrekka i Fjørå. Foto Kristi Linge Stakkestad

Fjørå

Fjørå er ei grøderik bygd der fjord og fjell møtest tett på kvardagen. Det er det kort veg til både fiske, turterreng og naturopplevingar – og landskapet skiftar raskt frå dyrka mark til bratte fjellsider.

Følgjer du vegen som slynger seg oppover lia til gardane øvst i bygda, opnar det seg eit storslått utsyn både innover Tafjorden og mot Tafjordfjella, og vestover mot Norddalsfjorden og bygdene ikring. Utsikta åleine er verdt turen! 

Turar med utsikt

Eit populært turmål går frå parkeringsplassen på Hauge og opp til den store ruggesteinen på Ruggå. Dette var ein samlingsstad i eldre tider, og i dag finn du både grindløe, rasteplassar og god utsikt ned mot jordbæråkrane i Valldalen.

Mefjellet (1100 moh.) er også eit godt beøkt turmål, med vid utsikt over fjord, fjell og bygdene kring Norddalsfjorden. Motbakkeløpet Mefjellet Opp vert arrangert kvar sommar – eit løp som kombinerer natur, styrke og fellesskap. 

Stille og ettertanke

I Fjørå finn du også Det hellige patriarkalske og stavropegiske kloster av de hellige Kong Olav og Profet Elias, som er Noregs første ortodokse nonnekloster. Nonnene bur på garden Ruset, 300 meter over havet, og held opne liturgiar og bønestunder for dei som ønskjer å delta. Dei tilbyr også guida turar til klostertomta på Syltefjellet – ein stad prega av ro, utsyn og ettertanke.

Foto: Vivian F. Nydal

Norddal

Norddal er ei lita og vakker bygd ved fjorden, omgitt av høge fjell. Midt mellom dei berømte turistattraksjonane finn du denne bortgøymte perla – ein stad der tempoet er rolegare og naturen kjem tettare på.

Norddal er eit naturleg utgangspunkt for fjellturar i variert terreng, med mange moglegheiter både sommar og vinter. Her finn du stilla – med utsyn og turar som gir rom for både ro og eventyr.

Herdalen – levande stølstradisjon

Frå Norddal går vegen inn til Herdalen, eit område som er godt kjent langt utanfor kommunen. Midt i dalen ligg Herdalssetra der det er sommarbeite for geitene i bygda og som har over 300 år samanhengande stølsdrift. Setra ligg i hjartet av verdsarvområdet Geirangerfjorden verdsarv og byr på ekte gard- og stølsopplevingar, lokalmat og økoturisme.

I området kan du fiske i idylliske Herdalsvatnet eller prøve lukka i fleire av fjellvatna rundt dalen – omgitt av mektig natur.

I Norddal finn du også fleire levande vestlandsgardar der du kan sjå, smake og delta i gardslivet – frå mjølkegeiter og nyfødde kje om våren til bær og frukt på seinsommaren og hausten.

Ei bygd med kvardagsliv

Nede ved fjorden ligg den lokale matbutikken som er ein naturleg møtestad for både fastbuande og besøkande og her treffest folk for ein prat, eit ærend eller ein handel.

Foto: Bjørnar Midtbust

Stordal

Stordalen strekker seg frå Storfjorden og oppover til Vad, der dalen deler seg i to dalføre. Det eine går vidare mot Overøye og Seljebotn, i det andre kan du følgje fylkesveg 650 opp mot Ekrelia og Stavsengfjellet og vidare innover langs fjorden.

Landskapet er ope og grønt, med elver, dyrka mark og fjell som ramme rundt bygda. Det milde og varme klimaet gir gode vilkår for landbruk, som framleis er ein viktig leveveg i Stordal.

Elva som renn gjennom bygda, Stordalselva, er ei populær lakseelv, og langs elvebreiddene finn du velstelte hagar og jordbruksområde som set sitt preg på bygda. 

Vinterglede og friluftsliv

I øvre Stordal ligg eit skisenter med heisar og alpinløyper. Om vinteren er området også knytt til kilometerlange, velpreparerte langrennsløyper. Utfartsområdet Overøye, Seljebotn og Langsetrane er eit populært hytteområde og eit viktig samlingspunkt i vintersesongen.

Sommarstid kryssar merkte fjellstiar fjella rundt bygda og gir tilgang til varierte turar i storslått natur. 

Skaparkraft, næring og utvikling

Stordal er kjent som møbelbygda på Sunnmøre, med lange tradisjonar innan møbelproduksjon. Samstundes har bygda eit mangfaldig og framoverlent næringsliv, med investeringar både i etablerte verksemder og nye bransjar.

Kultur og opplevingar

Stordal har eit rikt kulturliv, der mykje blir skapt gjennom engasjement, dugnadsånd og fellesskap. Eit godt døme er Kyrkjehola kulturbeite, eit ikkje-kommersielt kulturtilbod som samlar folk, kunst og natur i unike omgjevnader – år etter år, driven fram av ekte kulturglede.

Blant dei faste attraksjonane finn du Rosekyrkja, kjent for sitt heilt særprega og detaljrike interiør. Løsetstova, bygd i tradisjonell stil frå 1700-talet, og den gamle fjordgarden Ytste Skotet  på andre sida av fjorden gir også eit levande innblikk i historia og kulturen i Stordal.

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Tafjord

Tafjordbygda ligg lunt til inst i fjorden, omgitt av bratte fjellsider og dramatisk natur. Bygda er kjent for sine høge temperaturar og har fleire varmerekordar. Samstundes er Tafjord ein innfallsport til Reinheimen nasjonalpark – eit landskap som lokkar både erfarne fjellfolk og dei som vil gå frå hytte til hytte i Tafjordfjella. 

Kraft, mot og store opplevingar

Tafjord er kjent som vasskraftbygda, og Zakariasdammen er eit populært besøksmål. Demninga vart bygd i 1966-69 og ruvar 96 meter over dalbotnen. Her blir vatn samla for kraftproduksjon. For dei som toler høgder, er det mogleg å gå tilrettelagt gangsti heilt på toppen av demninga – ei oppleving som gir både sug i magen og storslått utsikt.

For endå meir spenning kan du rappellere ned demninga, som er ein organisert aktivitet i samarbeid med kraft- og skredsenteret Ville krefter.

På Ville krefter kan du leike med, lære om og oppleve naturkreftene gjennom interaktive utstillingar og aktivitetar. Her blir både historia om Tafjordulukka i 1934 og dagens overvaking av ustabile fjellparti formidla. 

Fjell, fjord og varme pausar

Tafjordfjella er eit populært område for friluftsliv og fjellturar. Her kan du gå frå hytte til hytte langs DNT Sunnmøre sitt merkte turstinett, omgitt av mektige fjell og urørt natur.

Ved fjorden kan du ta eit forfriskande bad og varme deg badstova – ei perfekt avslutning etter ein dag med fjell, kraft og opplevingar. For ein meir familievenleg variant ligg Tafjord Friluftsbad med oppvarma basseng like ved. 

Næring og framtidsretta kompetanse

I Tafjord finn du også eit havbruksanlegg som produserer smolt til oppdrettsnæringa.

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Valldal

Valldal er kjent som jordbærbygda – og i sesong kan du nyte lokal frukt, bær og grønsaker, ofte kjøpt direkte frå produsent. Det smakar av sol, jord og godt handverk, og bygda har lange tradisjonar for matproduksjon.

Valldal ligg skjerma mellom høge fjell, noko som gir eit stabilt og gunstig klima samanlikna med kysten her nord på Vestlandet. Varme somrar og snørike vintrar gir gode vilkår for bærproduksjon, og i dei solvende bakkane på Linge veks morellar, eple og plommer som er kjente langt utover regionen. 

Sommarpuls og mangfald 

Sommaren er ei travel tid i Valldal. Bygda er eit populært reisemål for friluftsfolk, hyttefolk og turistar, og samstundes fylt av sesongarbeidarar frå mange delar av verda – særleg frå Polen og dei baltiske landa. Dette gir bygda eit mangfaldig og levande preg i sommarmånadane. 

Elv, fjell og fart

Valldal er eit eldorado for varierte aktivitetar og opplevingar både sommar og vinter – som padling, rafting, juving, fjellturar, klatring og toppturar på ski.

Den kjente lakseelva Valldøla vert også brukt til kajakkpadling og rafting, og gir både fart, spenning og naturopplevingar tett på bygda. 

Valldal 2029

I 2029 markerer Valldal Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år. Det er tusen år sidan  Olav Haraldsson si ferd gjennom Valldal, på flukt frå fienden. Markeringa skjer både i Fjord kommune og i heile Møre og Romsdal fylke.

Natur som formar kvardagen

Klimaet gir gode vilkår for matproduksjon, reiseliv og eit aktivt liv. Det er ikkje tilfeldig at mange kjem hit nettopp for å padle på fjorden, gå på ski både bratt og flatt, sykle, gå på topptur, rafte eller klatre! I Fjord er naturen ein del av kvardagen – og tilgjengeleg året rundt.

Hytter og vinterliv

Det finst rundt tusen hytter i kommunen, mange av dei ligg i området rundt Langsætrane i øvre Stordal. Dette er eit område som har utvikla seg til å bli en viktig vinterdestinasjon på Sunnmøre – med snø, stillheit ro og rom for gode opplevingar.