Bu i Fjord

Livskvalitet i kvardagen

Ein god og trygg kvardag gjer livet enklare. I Fjord kommune kan du finne kvilepulsen. Du kan bu landleg eller sentrumsnært, eller kanskje midt imellom?

Omgitt av majestetisk natur er Fjord er ein fin stad å bu for deg som er glad i frisk luft og uteliv. Her kan du stikke høgt til fjells etter arbeidstid eller ta eit kveldsbad i fjorden.
Fjord = livskvalitet i kvardagen.

Finn din plass

Fjord kommune har eit mål om å vidareutvikle det gode livet og levande lokalsamfunn med eit variert bustadtilbod er ein viktig del av dette. Vi har bustadfelt i alle bygdene, og både hus og leiligheiter til sals eller leige. 

Gode oppvekstvilkår

I Fjord er vi opptatt av trygge og gode oppvekstvilkår. Vi har tre barnehagar og tre barne- og ungdomsskular i kommunen, samt eit godt kulturskuletilbod.
Her kan du lese meir om tilboda våre: Barnehage og skule – Fjord kommune 

Vi har eit fagleg godt og desentralisert tenestetilbod i kommunen, samt eit rikt og variert fritidstilbod for både unge og vaksne.

Vi hjelper deg gjerne med å finne det rette tilbodet for deg og familien din.

Sjå full video frå Syltebøen barnehage, Eidsdal SFO og Stordal skule her!