Framgardsløa i Valldal, ferdig bygd i 1885, er eit spesielt kulturminne i Fjord kommune. Ho er kjend for storleiken, konstruksjonen og den karakteristiske låvebrua. Løa blir rekna som eit kulturminne av regional og nasjonal verdi.
Då løa stod ferdig i juli 1885, hadde Lars Petter Olson Valdal brukt åtte år på å samle stein, mure og byggje både løa og køyrebrua. Spesielt den sirkelrunde køyrebrua over den vakre kvelvingen har gjort byggverket kjent. Ho fekk brei og fin omtale i boka “Norges låver”, som kom ut i 2014. Fotoet frå denne boka har vorte publisert i mange samanhengar på internett. Dette har også gjort at mange tek turen innom for å oppleve bygningen og den spesielle låvebrua, eit vitnemål om å byggje stein på stein, med bruk av lokale ressursar.
Byggmeister og bonde Lars Petter levde frå 1842 til 1930 og dreiv garden saman med kona Lisbet. I eit intervju i Sunnmørsposten i 1924 ser han tilbake og fortel om livet sitt, ikkje minst om det omfattande arbeidet med å få samla all steinen, både til løemurane og køyrebrua over kvelvingen. Han trakka i dei bratte markane ovanfor gardane på leit etter passande steinar til å mure med. I unnabakken drog han dei ned på oksehuder eller steinslede med risdragar etter. “Du skal hente så mykje du trur du treng, så skal du ta dobbelt så mykje. Då har du halvparten av det du treng.” Det var rådet han gav til ein som skulle samle stein til muring.
Løa var spesiell for si tid. Gjødselkjellaren er gravd inn i bakken og delt med ein mur til å skilje mellom våt og flytande gjødsel, noko som ikkje var vanleg på den tida. Takåsane over dei to kjellarane er digre steinheller, tre-fire meter lange og halvparten breie.
Fjøsane er også murte av stein, med renner ned til gjødselkjellarane. På den tida var det vanleg å leggje både våt og tørr gjødsel i ein haug utanfor løa. Lenge før det var vanleg med innlagt vatn i bustadhus, sette han opp drikkekar i fjøset gjennom ei renne utanfrå.
Sjølve løa er også tilsvarande solid og praktisk innreidd. I tillegg til gjødeslkjellaren og fjøsen har løa to etasjar til. Den eine er der køyrebana kjem inn. I dei to øvste etasjane var det ordna til med krokar til å leggje tynne staurar på, her kunne ein hesje høyet i dagar med dårleg tørke utandørs. På endeveggane i alle etasjar er det dører og gluggar til å opne for gjennomtrekk under høytørking i regnfulle dagar.
Sjølv om Framgardsløa var bygd både solid og stor for meir enn 140 år sidan, er det ikkje til å unngå at alderen set sitt preg etter kvart. Taklekkasjar og fuktskadar tok til å gå utover berande konstruksjonar. Eit større restaureringsprosjekt vart gjennomført i 2014/15. Skiferen på taket vart teken ned, reinsa og sortert og lagt tilbake over nokre nye sperrer, anten heilt eller delvis. Nokre veggar vart reparerte, også eit par vindauge. Dei store berestokkane ved skylet vart erstatta av nye.
Nedste del av yttervangen på låvebrua hadde teke til å bøye seg utover slik at steinar over tid stod i fare for å rause ut. Hausten 2025 vart det gjort eit omfattande arbeid med å ta ned stein, grave ut, fylle på innsida og mure opp att slik at natursteinsmuren igjen er loddrett og steinane ligg stødig på plass.
Kulturminnefondet har vore til stor hjelp med å finansiere dei to store restaureringsarbeida i tillegg til kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Norsk Kulturarv og Stiftelsen UNI har også delteke.
Alle er velkomne til å sjå Framgardsløa frå utsida. Om du vil inn, er det avhengig av at det er nokon på garden, som kan opne dørene.
Bilde: Framgardsløa august 2024 fotografert av Trond Heim Johansen.
For meir informasjon:
https://kulturminnefondet.no/prosjekt/framgardsloa-er-redda/?privacy=updated