Kulturarv

Kulturarven har også gjeve oss mange attraksjonar

Rosekyrkja i Stordal er ei åttekanta kyrkje er bygd i 1789, og har eit spesielt frodig interiør. Veggane, søylene, taket, galleriet og preikestolen er dekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Her er også ei rekkje minnesteinar det gøymer seg spennande, sterke og dramatiske historier bak. Mellom desse er minnesteinen i Negarden på Linge over krigshelten Martin Linge. Han var fødd her i Negarden på Linge, vart sjef for Lingekompaniet og fall under Måløyraidet i 2.verdskrigen.

Pilegrimsvandring langs Valldalsleia - i fotspora til Olav den Heilage frå Valldal til Dovrefjell

For Olav var dette ei fluktrute, for dagens vandrar er dette ein opplevingsveg. Då Olav den Heilage rømte landet vinteren 1028-1029 drog han dei fem skipa sine på land i Valldal, og herifrå gjekk han saman med dei 400 mennene sine over fjellet til Lesja og Dovre. Dette er skildra i Snorre sine kongesoger. Mange lokale segner og historier er knytt til denne hendinga, og Valldal er kanskje den staden i Norge som har mest tradisjonsstoff om Heilag-Olav. Sagatradisjonen og folketradisjonen er bakgrunnen for pilegrimsleia frå Valldal, og er framleis levande. Her finn du ormen i Syltefjellet, Olavskorset på Korsbrekka, Olavskjelda, Olavshellaren og Skjervsura, i tillegg til ein levande Olsok-tradisjon med folkefest og feiring.

Ytste skotet

Ytste skotet er ein fjellgard som ligg i det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta. Storfjordens Venner er eigar og drivar av garden. Storfjordens Venner vart stifta 12. juli i 1975, og arbeider for å verne om kulturminne og levande tradisjon på dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre med fjordarmane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden.

Nonneklosteret på Ruset

På Ruset i Fjørå er det eit ortodoks nonnekloster der dei produserer og sel handlaga såper, balsam og kremar. Dei produserer også sin eigen raudvin som du kan få kjøpt til maten på fleire av restaurantane i området, samt hos Vinmonopolet. Klosteret tek gjerne imot besøk.

Herdalssetra, Severinbrauta og Fundergata

Herdalssetra øvst i Norddal er ei seter i full drift med ein stor geiteflokk og andre dyr som beiter på og kring stølen. Her kan du oppleve eit verkeleg levande setermiljø. Bygda Norddal og Herdalen fekk kulturlandskapsprisen i 2021 fordi bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.

Severinbrauta i Eidsdal er eit freda kulturminne med ei heilt intakt røykstove som er bygd saman med fjøs og løe og aldri har vore modernisert.

Fundergata i Tafjord er ein liten, historisk gatestubb med kyrkjebuer, stover og skule, der folk frå fjelldalane før i tida kunne skifte til kyrkjeklede og ete niste før kyrkjeferda. Namnet på gata kjem frå handel med brennevin frå firmaet Christian Funder i København; cognac kom på eikefat, og fjøler med firmanamnet vart liggjande att i gata.